Politiet seier nei til å betale krav


Politiet i Sogn og Fjordane seier nei til å kravet frå Høyanger kommune, om å dekkje utgiftene dei hadde i samband med utrykkinga til knivepisoden i Kvernhaugen i haust.

Kommunen sende dei ei krav på 16.161 kroner, for brannvesenet sin bistand i samband med ein politiaksjon i ein bustad i Kvernhaugen – utanfor Høyanger sentrum – om kvelden den 1. august i år.
–Politiet i fylket er negative til å betale krav vi sende, og vi må no vurdere korleis vi skal følgje opp dette, opplyste rådmann Arve Varden på formannskapsmøtet tidlegare denne veka.
Sjølv meinte han at argumentasjonen deira for ikkje å betale kravet var tynn.

– Slik vi ser det, er ikkje dette heimla i lover og forskrifter. Men vi får ta nokre rundar på kva vi gjer vidare, sa han.

Kommunen har meint at hendinga i Kvernhaugen ikkje var nokon PLIVO-aksjon ((nasjonal prosedyre for naudetatane sitt samvirke ved pågåande livstrugande vald, red.merkn.), som skulle innebere rekvirering av brannvesen.
Det meiner imidlertid politiet.

–Ikkje PLIVO

–Etter politiet si meining var meldinga kloka 18.49 av ein slik karakter at ein kunne definere hendinga som ei PLIVO-hending. Meldinga omhandla «mann med kniv» og «masse blod på stedet», skriv visepolitimeister Ronny Iden i svarbrevet til kommunen.

Han viser også til at Alarmsentralen har loggført hendinga som PLIVO, noko som etter politiet si oppfatning er ei forsvarleg vurdering.

–For politiet var det ein uavklart situasjon. Etter vårt skjøn er det uheldig om ein i ettertid med fasiten klar skal gjere ein kostnadsmessig vurdering om det var eller burde vere ein PLIVO-aksjon. Vi kan ikkje sjå at det med opplysingane som låg føre var galt å be om bistand til oppdraget frå brannvesenet. Men den bakgrunn kan vi heller ikkje sjå at det er grunnlag for at politiet skal dekke kostnadane kommunen hadde med oppdraget, skriv Iden.