Planlegg ny hall til over 100 millionar


Halvanna år etter at Osland Settefisk opna den nye produksjonshallen på Sørebø er planane klare for ein ny, til over 100 millionar kroner.

Dei håpar på byggejstart allereie til hausten.

-- Utvidinga vil gje oss meir enn dobbelt så mykje produksjonsvolum som vi har i dag, frå rundt 4300 kubikkmeter, til rundt 10 000 kubikkmeter.Til grunn for det, no som då, ligg morselskapet vårt Osland Havbruk sitt behov for større og meir smolt, seier driftsleiar Kjetil Rørtveit til Ytre Sogn.

– Den nye hallen gjer at vi kan produsere endå meir effektivt, og utnytte den første hallen betre.

Den førre hallen deira, som inneheld både klekkeri, startfôravdeling og yngelavdeling, stod ferdig sommaren 2016. Tilsaman vart det investert rundt 50 millionar kroner i det som er eit av dei mest avanserte produksjonsanlegga i landet, med heilt ny resirkuleringsteknologi. No

vil det bli investert mellom 100 og 120 millionar kroner i den nye 2450 kvadratmeter store hallen, som altså er litt større enn den Osland Settefisk har på Sørebø i dag. - At kostnadane blir såpass mykje større går på at produksjonsvolumet i den nye hallen blir vesentleg større. Alle kar og prosessanlegg blir bygd i betong.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

Slik lan området til Osland Settefisk på Sørebø komme til å sjå ut. Dagens hall ligg til venstre, og den nye til høgre på biletet.