Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Liknande datalagringssente,som den ein no vil utgreie i Høyanger,r er allereie på plass fleire stader i Noreg. (Illustrasjonsfoto: )Blockchain Brokers)

Høyanger kan få datalagringsenter

Journalist: Lidvar Berge | Publisert: 5. september 2018

I haust skal Blockchain Brokers undersøke moglegheitene for eit datalagringsenter basert på sikker krypteringsteknologi i Høyanger. Om dei lukkast, kan det gi inntil fem tekno-arbeidsplassar i bygda.

– Høyanger er perfekt for datalagring, fortel David Garner, ein av to gründerar bak selskapet Blockchain Brokers.

Dei er basert i Oslo, og arbeider med utbyggjarar av datasenter, og kundar som treng sikker datalagring, som meklarar (engelsk: brokers, red.mrk). Behovet for å lagre data veks nemleg eksponentielt, spesielt frå mobilbruken.

Grunnen til å legge eit slikt datalagringssenter til Høyanger, er den same som sikra industrietablering for 100 år sidan: Rikeleg tilgang på rein elektrisk energi. – Ja, infrastruktur er det viktigaste for oss. Vi må ha straum, mykje straum. Vi snakkar gjerne om ein effekt på 5 megawatt her. I tillegg må vi ha fiberoptiske linjer for datatrafikken. Begge deler er tilgjengeleg i Høyanger, fortel Garner.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord