Pensjonistane inntek frisbeegolfbana


Frisbeegolf blir stadig meir populært. Førebels siste ut til å ta bana i Vadheim i bruk er pensjonistane i bygda.

– Å nei! Der hamna frisbee’en uti krattet igjen!

Oddfrid Gjermundstad ristar oppgitt på hovudet. Det skal ikkje vere berre lett å treffe korga med frisbee’en. Det har både ho og dei andre pensjonistane som møtest på bana i Vadheim kvar onsdag fått erfare. Ho fortel at dei pleier å vere rundt ti som er med. Den yngste er nokon og 70 år, medan den eldste har passert 90 år. Denne onsdagen er det imidlertid eit par som ikkje hadde høve til å vere med, utan at det legg nokon dempar på stemninga. Latteren sit som vanleg laust når gjengen møtest i frisbeeparken, ikkje langt frå skulen i bygda, og det byrjar alltid med samling rundt bordet i grillhytta. Og termosen med kaffi og nokre pakkar med kjeks er som vanleg med.

– Vi kan jo ikkje starte for hardt, seier Anna Sofia Skaar, leiar i Vadheim pensjonistlag, og ler.

– Vi blir gjerne sitjande her inne lenger enn vi hadde tenkt, nikkar Rigmor Indrebø.

– Ja, snakketøyet får god trening også! seier Signe Kvåle, til meir latter.

Aktivt lag

Pensjonistane fortel at dei starta opp med dei vekentlege frisbeegolf-treningane på nyåret.

– Vi fann ut at det var for lite å trene berre éin dag i veka. Og når vi har ei så fin bane så må vi jo bryke den, seier Indrebø.

Skaar fortel at dei allereie har trim i gymsalen på skulen ein dag i veka, noko dei har hatt ei god stund.

– Men no kjem vi jo oss ut, seier ho.

– Og så er det sosialt også, seier Kvåle, og får samtykkjande nikk frå dei andre rundt bordet.

For det er eit aktivt lag.

– Vi er 65 medlemmer totalt i pensjonistlaget, som har ulike aktivitetar, seier Gjermundstad.

I tillegg til trim både inne og ute, har dei faste møte siste torsdagen i månaden, og då er det ikkje uvanleg at det er 30 som møter. Det er bra i ei såpass lita bygd, meiner dei.

– Vi har også strikkekafé for ungane i bygda, påpeiker Målfrid Hovland.

– Ja, og no på våren har vi aktivitetsdag framme på Tangen, i lag med skulemusikken. Då går vi trimløypa, og etterpå kosar vi oss med kaffi, saft og vafler, seier Skaar.

Turar reiser dei også på, og om ikkje lenge skal dei til Måløy.

God trening


Men på onsdagar er det altså frisbeeparken som står på timeplanen, og etter at kaffi og kjeks er fortært byrjar dei å røre på seg. Frisbee’ane som ligg i ein kasse vert henta opp.

– Det er god trening, både når det gjeld kondisjon og presisjon, er Indrebø, Hovland og Skaar samde om, medan dei stiller seg på rekke ved første korga, for å kaste etter tur,

Tilsaman er det seks korger på bana, som er laga til inne i eit lite skogholt. Difor er det ikkje berre lett å ta seg gjennom den, noko også pensjonistane stadig får erfare.

– Nei, der hamna frisbee’en uti krattet igjen. Og det er ikkje første gongen det skjer, seier Gjermundstad, og ristar oppgitt på hovudet, før ho går mot den.

Det betyr nemleg at ho må ta neste kast derifrå. Men etter ei stund har dei kome rundt, også denne onsdagen. Men det betyr ikkje at dei er ferdige for dagen.

– Nei, etterpå går turen vidare rundt Hovland, slik at blir ei bra trimøkt av det. Så ofte kan det gå eit par timar før vi er heime att, seier dei og ler.

Kva onsdag føremiddag samlast pensjonistane på frisbeegolfbana i Vadheim. F.v. Anna Sofia Skaar, Odd Brekke, Rigmor Indrebø, Signe Kvåle, Oddfrid Gjermundstad, Aud Brekke og Målfrid Hovland.

Før dei går ut på bana er det samling i grillhytta. Denne dagen kom også sokneprest Runar Matsui-Li tilfeldigvis innom. F.v.: Anna Sofia Skaar, Odd Brekke, Aud Brekke, Målfrid Hovland, Oddfrid Gjermundstad, Runar Matsui-Li, Signe Kvåle og Rigmor Indrebø.