Parken på Tronvik får nytt liv


– Vi håpar å få tilbake i alle fall litt av det som ein gong var, seier Finn Trædal og Ragnar Thue.

I mange år var det store parkanlegget som omgir Tronvik ein del av behandlinga ved det som var ein av landets første opne psykiatriske institusjonar, bygd midt på 1950-talet. Utviklinga og bruk av psykofarmika i behandlinga av pasientane gav andre åtferdsmønster, og gjorde også nye byggeløysingar mogleg. Blant anna gjekk det i retning av meir opne parkanlegg, utan gjerde. Slik er området også i dag, vakkert beliggande med den skogkledde åsen bak seg, og utsyn over den langstrakte Sognefjorden på framsida. På det meste kunne det som heitte Fylkessjukeheimen Tronvik ha 180 pasientar til behandling, fortel dagens avdelingsleiar, Finn Trædal.

– Den gong hadde staden også sitt eige gartneri, som i tillegg til å forsyne både institusjonen og andre med grønsaker og blomster, også var viktig i behandlinga av pasientar. Som ein del av arbeidsterapien var dei med i gartneriet, samt på vedlikehaldet av området rundt, seier Trædal.

Ikkje hatt prioritet


Han kan fortelje at i nesten 30 år hadde Tronvik også sin eigen, dyktige gartnar i Lars Aarseth. Sjølv med avgrensa midlar fekk han til mykje på det fleire mål store området rundt institusjonen. Kvart år kjøpte og planta han ut nye vekstar, slik at parkanlegget alltid framstod som velhalde.

–Men etter at han gjekk av med pensjon - og gartneriet seinare vart lagt ned og rive fordi det ikkje var vurdert som lønsamt - har ikkje parkanlegget hatt same prioritert. Det har sjølvsagt blitt utført vedlikehald, men utan dei same ressursane, seier Trædal.

Men det er no bestemt at skal gjerast noko med.

– Skal parken bevare særpreget sitt er det behov for auka fokus på vedlikehald. Vi er så heldige at vi har Ragnar Thue, som i tillegg til å vere spesialsjukepleiar, også er utdanna gartnar. Det kan vi no dra nytte av, etter å ha fått midlar til å gje heile anlegget eit løft, seier han og nikkar mot balestrendingen, som denne føremiddagen er i gang med å plante nye, fargerike blomster rett ved administrasjonsbygget, i lag med kollega Terje Brekkhus.

Thue smiler. Han var også den som tok initiativ til å å få gjort noko med anlegget til Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik, som i dag ligg under Helse Førde og tel 26 sengeplassar - 15 innan rus og 11 innan psykiatri - og har 90 tilsette.

200 nye vekstar

Men sjølv om arbeidet har pågått nokre veker, står det framleis ein del att.

– Når vi er ferdige vil vi ha sett ut rundt 200 nye vekstar, saman med dei gamle som vi har valt å behalde, seier Thue og fortel at blant dei nye er også nokre lokale.

– På oppsida av hovudbygningen, til dømes, finn vi bjørk frå Sogn, nærmare bestemt Fortun. Bøk frå Nordfjord har vi også, seier han.

Tilsaman har det gått med nokre titusen kroner.

– Det er jo eit enormt område som ikkje er for alle å halde vedlike. Det krev mykje arbeid å gjere det, seier Thue og fortel at når dei er ferdige ved administrasjonsbygget, står området ved inngangen til hovudbyggget for tur.

– Planen er å lage til ei lita sitjegrupper, med steinheller som leier fram til den. Etter at vi har fjerna dei gamle rosebuskene som er rundt, kjem vi blant anna til å plante rhododendron som kan bli opptil 1,5-2 meter høgde. Nokre magnolia blir det kanskje også plass til. Så det skal bli flott, seier han.

Del av behandlinga


No, som før, er også tanken at pasientane skal få vere med og halde parkanlegget vedlike.

– Så det vil framleis ha betydning for pasientane og behandlinga dei får medan dei er her. I tillegg til rein arbeidsterapi, gjer det også noko med dei å komme til slike vakre omgjevnader, bort frå vanskane dei elles måtte ha i livet. Det er i alle fall litt av tanken bak det, og vi kjem difor til å leggje opp til at også pasientar kan vere med på å halde det vedlike. Mange likar også fysisk arbeid, påpeikar Trædal.

For sjølv om parkanlegget ikkje er verna på same måte som bygningsmassen elles, er planen å ta vare på det også.

– Vi veit jo kor fint det ein gong var. Så om vi kan få tilbake litt av det, skal vi vere nøgde, seier han.