Påleggspremie til Olderdalen


Olderdalen barnehage i Høyanger deltok nyleg i ein teiknekonkurranse i regi av Stabburet.

Påleggsprodusenten har trekt ut tre vinnarar, og ein av dei vart Olderdalen barnehage. Gevinsten var pålegg for heile 3000 kroner.

Tidlegare denne veka fekk barnehagen besøk frå ein mann frå Orkla-gruppa som hadde med seg premien, som bestod av både av makrell i tomat og leverpostei.

Grunngjevinga for at Olderdalen barnehage fekk premie var at dei hadde levert mange fine teikningar, med flotte forklaringar og fine fargar.

Barna på dei to eldste avdelingane hadde brukt god tid på å teikne og fargelegge kvar sin teikning. Personalet var støttespelarar ved å skrive på kva dei hadde teikna.