Pålagt gjenfangst i Høyangerfjorden


Fiskeridirektoratet har no pålagt Slakteriet Brekke AS gjenfangst i Høyangerfjorden.

Etter rømminga frå Slakteriet Brekke den 16. september har selskapet sin gjenfangst - saman med innrapport fisk frå fiskarar til slakteriet - kome opp i cirka 4500 fisk. I tillegg kjem fangst frå fritidsfiskarar som har meldt inn til Fiskeridirektoratet.

- Fiskeridirektoratet har motteke ei rekkje tips om til dels store fangstar av rømd laks i Høyanger, som kan knytast til rømminga i Brekke. I samband med det har selskapet fått eit pålegg om utvida gjenfangst Høyangerfjorden, med avgrensing Klubben-Fureneset i sør-vest, og fjorden inn til der elvemunningsbestemmelsane overtek. Pålegget varer til og med 4. november, opplyser Fiskeridirektoratet.

Dei vil elles takke for innmeldte tips, og ønskjer framleis tips om fangstar både fra Høyangerfjorden og andre delar av fjordsystemet.