På viktingtokt frå Høyanger til Roskilde


I eit rekonstruert vikingskip frå år 1030 la eit mannskap på åtte danskar denne veka ut frå kai i Høyanger. Toktet skal ta dei til Roskilde i Danmark.

Vikingskipet med namnet «Skjoldungen» kom til Høyanger med lasteskip tidleg tysdag morgon, der det vart sjøsett og klargjort til den lange reisa. Til Ytre Sogn fortel 63 år gamle Torben Ellehøj Okkels, som er skipper og proviantansvarleg om bord, at turen langs norskekysten og vidare nedover til Danmark og Roskilde vil ta om lag åtte veker.

– Det er ein lang tur men akkurat kor lang tid vi kjem til å bruke avhenger sjølvsagt av vêr- og vindtilhøva undervegs. Mannskapet om bord er eit frivillig båtlag med åtte personar med ulik bakgrunn, alder og segleerfaring, seier Okkels og fortel at dei gler seg utruleg mykje til turen, som dei trena og førebudd seg til i fleire år.

Bakgrunnen for at dei har valt å starte i Sogn er at det originale skipet vart bygd i området rundt år 1030, og var eit av fem skip som vart funne under arkeologiske utgravingar i Roskilde fjord ved Skuldelev i 1962.

Les meir om vikingtoktet i neste utgåve av Ytre Sogn!