Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

– Det var utruleg kjekt å få besøk av forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth, som fortalde spennande historier frå sin siste bok «Klyngetunet. Den norske landsbyen», seier biblioteksjef i Høyanger Hege Ølmheim (f.v). Her saman med dei to.

På turné med boka «Klyngetunet»

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 26. november 2018

I regi av fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane er forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth i desse dagar på turné med den nye boka si, «Klyngetunet. Den norske landsbyen.». Sist måndag kom dei til Høyanger. 

Boka omhandlar eit gløymt fenomen av historia vår, der dei fortel om bondelandsbyar og korleis det gjekk med tuna der bøndene valde ikkje å flytte for å etablere seg kvar for seg.
Etter å ha samla inn stoff til bestseljaren «Norges låver» fekk forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth ideen til den nye boka om den norske landsbyen og historien til den. Sist måndag starta dei ein vekelange turne med besøk på Høyanger bibliotek.
– Dette er tredje boka vi har laga saman, og den er eit resultat av mange fine køyreturar rundt om i landet, der vi har funne små landsbyar att med vegane som vi skriv bok om. 40 av dei over 50 tuna som vi har vitja på reisa frå nord til sør er det i dag «levande tun», der ein aktivt jordbruk, har det som bustad eller feriebustader. Tuna er veldig ulike. Dei seks som er freda og har blitt museum er dei som er mest autentiske, fortel Røyrane.
I tillegg til «Norges Låver» og «Klyngetunet. Den norske landsbyen» har dei to også gitt ut boka «Av Stein».

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord