På kino med dei minste


- Det er fint at det skjer noko på dagtid for oss som har små ungar, seier Jeanett Markeset, Marita Mossestad og Maiken Uglum Neset til Ytre Sogn.

Onsdag denne veka var det nemleg babykino i Høyanger samfunnshus, noko det ikkje har vore tilbod om på i alle fall to år.

- Vi snakka om det på babysamlinga på helsestasjonen nyleg at det hadde vore flott om ein hadde fått til noko slikt. Etterpå tok vi kontakt med Angelika Ludwig, som har ansvar for kinoen i Høyanger, og no er vi i gang, seier Jeanette Markeset, som har med seg Selma (8 mnd), til Ytre Sogn.

Og det er ho glad for. Det same er Marita Mossestad og Maiken Uglum Neset, med Theodor (5,5 mnd) og Olivia (2,5 mnd).

- Det er slikt tilbod som bidreg til trivsel for småbarnsfamiliar i Høyanger. Så no manglar berre at det også kjem tilbod om babysymjing, seier dei.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!