På finurlig vis


– Det kom til eit punkt der eg anten måtte byrje å seie nei til oppdrag, eller å tilsetje fleire, seier Stig Hovlandsdal Øvreås (30), dagleg leiar i Finurlig, til Ytre Sogn. Han valde det siste.

Stig Hovlandsdal Øvreås (f.v.) og Linn Bente Grimsmo frå Finurlig i møte med Joakim Systaddal frå Lihesten Service. Stig Hovlandsdal Øvreås (f.v.) og Linn Bente Grimsmo frå Finurlig i møte med Joakim Systaddal frå Lihesten Service.

Det er tidleg morgon i oktober, og han er på veg til nabokommunen Hyllestad for å møte kundar. Med seg har han Linn Bente Grimsmo (23), grafisk designer frå Aure, og den førebels siste tilsette i Finurlig, kommunikasjonsbyrået som i løpet av berre eit halvår har vakse frå ein til tre tilsette. Tidlegare i år fekk han med seg Sandra Stølen (26), også ho grafisk designer, som til dagleg er i Bergen, men opphavleg er frå Atløy.

– Det vi gjer er å komme med forslag til løysingar til bedrifter og andre som vil profilere seg, og sidan lage dei, anten det gjeld å designe ny logo eller nettside, lage presentasjonsfilm - eller brosjyre som dei nyttar i marknadsføringa, forklarar 30-åringen frå Sande på Høyanger sørside.

Fleire oppdrag

Og det er det siste han no er på veg til Sundbotnen i Hyllestad for å diskutere nærmare med dei som står bak det nyopna konferansesenteret Løvli, ikkje så langt frå Sørbøvåg. Dei skal gå igjennom utkastet til brosjyren Finurleg har laga for dei.

– Eg har vore heldig og treft kundar som har brukt oss ikkje berre til eitt oppdrag, men til fleire. Det har hatt mykje å seie for den gode starten til Finurlig, som har gjort at vi no er tre tilsette. Og dei same kundane anbefaler oss gjerne til andre igjen, som til dømes Joakim Systaddal og bedrifta hans Lihesten Service, som eg no skal møte, seier Øvreås.

Men det heile starta tilbake i 2010, då han fekk i oppdrag å lage jubileumsboka til Osland Havbruk. Øvreås jobba då ved Institutt for informasjons- og medievitenskap i Bergen, der han også tok utdanninga si.

– Det var i samband med boka eg forstod eg at den typen kreativt arbeid kunne vere noko å prøve å skape seg eit levebrød av, og einannsbedrifta Finurlig vart ein realitet, seier han.

Den tok han med seg då han flytta tilbake til heimkommunen for tre år sidan.

Tilsetje fleire

Han seier at det er eit stort steg for ei lita bedrift å tilsetje fleire.

– Ein er alltid usikker på om det er marknadsgrunnlag for det. Likevel var det ikkje så vanskeleg å bestemme seg for å gjere det, seier Øvreås og viser til at det hadde kome til eit punkt der han anten måtte utvide, eller byrje å seie nei til oppdrag. No er han glad for at han valde det første, ikkje minst på grunn av dei to han no har tilsett, begge med gode referansar å vise til.

– Den største forskjellen er at vi no har langt større kapasitet, og kan løyse større og meir komplekse prosjekt som krev ulike typar kompetanse. Vi har også eit langt større kreativt spekter å spele på no enn då Finurlig berre var meg, seier han.

– Kvifor valde du namnet Finurlig?

– Namnet er både lett og artig. Samstundes ligg det assosiasjonar om noko smart, overraskande og utanom det vanlege i det. Det passa bra til den bedrifta eg ønska å drive den gongen.
At det vart Finurlig - og ikkje Finurleg - heng saman med oppstarten i Bergen.

Profilere seg

Han fortel at dei har flest oppdrag i Hyllestad og Askvoll, i tillegg til Høyanger. Men etter kvart håpar dei også på Balestrand, Gaular og Fjaler.

– Kven er dei typiske kundane?

– Det er helst små bedrifter med to-tre tilsette, som gjerne ikkje har hatt så stort fokus på det å profilere seg tidlegare, men som no innser at det er naudsynt, om dei skal vise att. Ikkje alle likar å framheve seg sjølv, men innser at det er naudsynt, på grunn av konkurranse, seier Øvreås.

Joakim Systaddal og hans Lihesten Service, som han møter denne føremiddagen, høyrer til Finurlig sine faste kundar. – Vi vel først og fremst samarbeidspartnarar etter dei vi jobbar godt i lag med. Når det gjeld Stig opplever vi at han raskt forstår kva vi er på jakt etter, og han tek beslutningar kjapt. Og så er det sjølvsagt høg kvalitetet på det han leverer, seier Systaddal om Øvreås, som dei har jobba i lag ved fleire høve.

Difor har han også tipsa andre om Finurlig. For dei har det også betydning at dei kan nytte ei lokal bedrift.

- Det er viktig, spesielt fordi det er lett å få ei felles forståing for kva vi treng, seier Systaddal.

Lytte til kundane

Sjølv trivst Øvreås med å ha si eiga bedrift.

– Det er veldig arbeidskrevjande, men også veldig gøy når det går bra. Det er også difor eg fortset med det, seier han om Finurlig, som no er i gang med å omprofilere seg, etter å ha fått to nye tilsette. Blant anna har dei akkurat lansert ei ny nettside.

– Det er viktig å fornye seg, påpeikar han.

– Kva meiner du sjølv har vore suksessfaktoren så langt?

– Den største suksessfaktoren trur eg har vore at eg er flink til å lytte til kundane, og finne ut kva behov dei har, for så å levere løysingar på ein rask og grei måte. Det er i alle fall dei tilbakemeldingane eg får - at det er lite styr og veldig greitt å nytte Finurlig, svarar Øvreås.

– Det er viktig for oss å vere ukompliserte, og levere dei rette løysingane til folk.

Pris spelar nok også inn. Dei ligg eit godt stykke under det tilsvarande byrå andre stader, til dømes i byane.

– Kva er ambisjonane framover?

– Vi har sjølvsagt håp om å trekke til oss større kundar, no som vi er fleire. Å levere endå større prosjekt, seier Øvreås, før han set seg i bilen att for å besøkje neste kunde, denne gong ei lita bedrift med utbyggingsplanar, som treng hjelp til å utarbeide ein modell for det.