Lokale nyhende frå Ytre Sogn 13. november 2019
Ytre Sogn 13. november 2019

Produksjon og drift ligg på eit stabilt nivå hos Hydro Høyanger. (Foto: Geir Ove Elveseter)

Overskot på 19 millionar for Hydro Høyanger

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 23. oktober 2019

Hydro Høyanger hadde i tredje kvartal eit overskot før renter og skatt på 19 millionar kroner.

Resultatet er prega av moderate forbetringar i råvarekostnader og metallprisar. Produksjon og drift ligg på eit stabilt nivå, skriv dei i ei pressemelding.
Hydro sitt aluminiumsraffineri, Alunorte i Brasil, er stadig nærmare full drift. Det betyr betre stabilitet for elektrolyseproduksjonen hos Hydro Høyanger, ettersom Alunorte-aluminaen er deira føretrekte.

–Varierande aluminiumskvalitet har vore krevjane for elektrolyseorganisasjonen, men med den store innstasen deira leverer verket likevel eit positivt resultat i tredje plass, seier konstituert fabrikksjef Ann Synnøve Øygard.

Fokus på tryggleik

Hydro Høyanger har stort fokus på å unngå skader, og hadde ingen i tredje kvartal. Tidlegare denne månaden fekk dei igjen for det målretta arbeidet gjennom heile 2018, og stakk av med to HMS-prisar.

– Å motta HMS-prisane er ein ekstra motivasjon til å oppretthalde eit godt tryggleiksarbeid i organisasjonen. Forbetringsarbeidet på tvers av verksemda – og i samarbeid med eksterne støttespelarar – blir framleis eit viktig verktøy for å minske risikoen i anlegga våre, seier Øygård.

I tredje kvartal vart ein ny kranrotator – som er ein funksjon på kaikran – teken i bruk. Den vil minske risikoen ved lasting og lossing av varer over kai ved Hydro Høyanger.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord