Øvde på "worst case"-scenario i Høyangertunnelen


Alarmen går. Ein minibuss og to personbilar er involvert i ei ulukke inne i den 7,6 km lange Høyangertunnelen. Røyken veltar ut av av tunnelopninga. Heldigvis var det berre ei øving – denne gongen.

– Det virka veldig ekte. Plutseleg stod det masse folk over meg, fortel Cassandra Fjetland.

Ho var mellom dei 19 såkalla markørane som var involvert i «ulukka». Alle var tildelte ulike roller, både i skadeomfang og reaksjonsmønster – og frisørlinja ved Høyanger vidaregåande skule hadde sminka markørane for mest mogleg realisme.

Minibussen var også fylt opp med elevar. Martine Espe spelte rolla som «roleg, men redd gravid», men var aldri bekymra på verkeleg:

– Hjelpeapparatet var raske, og hadde god kontroll, fortel ho.

Viktig øving

Mellom anna brannane i Gundvangatunnelen har vist kor krevjande det er med når det brenn inne i ein tunnel. Utrykningsleiar for brannvernet i Høyanger, Dag André Nesse, har solid røynsle frå både tidlegare øvingar og reelle tunnelulukker. Dette er brukt i planlegginsarbeidet av den store øvinga som no blei gjennomført i den nyopprusta Høyangertunnelen.

– I førre øving, for fire år sidan, hadde vi ikkje naudsamband i tunnelen, og viftene var elendige, seier Nesse.

Representantar frå Statens Vegvesen, som også tok del i øvinga, kunne fortelje at nettopp ventilasjonen i den gamle Høyangertunnelen blei trekt fram som skrekkeksempel faglege diskusjonar om tunneltrykkleik.

– No var det ei heilt ny verd: Naudsamandet fungerte heile vegen, nødlyset og ledelys kom på som det skulle, og då Statens vegvesen slo om vifteretninga, kunne hjelpemannskapet frå Høyanger-sida følgje etter ein vegg av røyk innover, held Nesse fram.

I denne øvinga stilte det også brannvern frå Balestrand-sida, men medisinsk personell, med fire ambulansar i utrykking, kom frå Høyanger. Difor blei viftene brukt til å leie røyken, som i første omgang gjekk mot Høyanger, mot Lånefjorden.

For å gjere øvinga endå meir krevjande og realistisk blussa brannen opp igjen medan ambulansepersonalet var inne i tunnelen. Då måtte det arbeidast raskt, men ifølgje markørane som Ytre Sogn snakka med, hadde helsepersonellet likevel god kontroll.

19 eller 17?

Kriseleiinga oppretta samlingsplass hjå Per A. Øren på Vetleseten.
– Her var det hektisk. Vi fekk inn 14 av pasientane samtidig, og trenar då på å prioritere riktig, og å halde orden på tal og loggføring, fortel Kjartan Heggø, områdeleiar i ambulansetesta i Helse Førde.

Han fortel vidare at dei ofte har helsefokus når dei øver, men at det denne gongen også var ei nyttig øving i organisering, samspel med lege, og kommunikasjon over det nye naudnettet.

– Dette gjekk alt i alt veldig bra. Også i vår eiga evaluering kom det fram at arbeidet gjekk roleg og ryddig, og at samarbeidet fungerte godt.

Av dei til saman 19 pasientane blei to sendt med luftambulanse, to med vanleg ambulanse, medan resten kunne fraktast til det lokale legekontoret (dette blei riktig nok ikkje utført som ein del av øvinga).

Nettopp teljinga av involverte er ein av utfordringane det blei fokusert på i evalueringa av øvinga. Under sjølve øvinga, kunne til dømes kriseleiinga i Høyanger kommune fortelje at det var ein minibuss med 15 personar og to personar i ein personbil som var involvert, til saman altså 17 personar. Høyanger kommune var nemleg også ein del av øvinga. Dei sette full krisestab, og oppretta pårørandesenter i Samfunnshuset.

Politiet mangla

Den viktigaste mangelen var likevel at Politiet ikkje tok del i øvinga.

– Eg meldte inn øvinga i vårt system, men fekk tilbakemelding frå sentralen i Bergen på at det var for kort varsel, og at dei ikkje kunne stille med ressursar, sier Kåre-Jan Hofrenning, politioverbetjent i Høyanger og Balestrand.

Han understrekar at ved neste øving, må politiet involverast på ein anna måte.

Sikring av ulukkesplass og samleplass, som normalt er politiet sitt ansvar, var også noko av det som ikkje fungerte heilt denne gongen.