Lokale nyhende frå Ytre Sogn 7. august 2020
Ytre Sogn 7. august 2020

Teknisk sjef Åge Østerbø frå Østerbø Maskin på plass i Svalbard globale frøhvelv for å installere aggregatet.

Østerbø Maskin sikrar reservekraft til frølageret på Svalbard


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 7. juli 2020

– Det var eit heilt spesielt oppdrag, seier teknisk sjef Åge Østerbø hos Østerbø Maskin til Ytre Sogn.

Det var nemleg han som var med og utførte det, 1300 kilometer nord for polarsirkelen, nærmare bestemt på Svalbard – i det som er verdas største sikkerheitslaget for frø. Det betyr at no har også Svalbard globale frøhvelv fått installert aggregat frå Østerbø Maskin som sikrar reservekraft til overvakinga av hvelvet.



Åge Østerbø, som er teknisk sjef hos Østerbø Maskin, fortel at dei er vande til denne type kritiske oppdrag, med blant anna sjukehus og flyplassar på kundelista.


- Vi gjer dei heile tida. Men det er jo spesielt når det er i det globale frøhvelvet. Det er ikkje alle forunt å kome inn der, seier han og viser til at det ikkje er ope for besøkjande. 



Difor var det også med ei viss ærefrykt han gjekk til oppdraget, som vart utført i slutten av juni.



– Vi brukte ei veke på det. I tillegg kom planlegginga vi gjorde på førehand. Det er også ein viktig del av det heile, påpeiker han.



Tidlegare samarbeid


Målet med frøhvelvet på Svalbard er å bevare den store genetiske variasjonen i verdas matplanter. I fjellet Platåberget, ikkje langt frå Longyearbyen, blir kasser med frø frå heile verda langtidslagra under optimale forhold i tre kalde, tørre hallar. Hvelvet opna i 2008, og har plass til 1,5 millionar frøprøvar i kvar hall.

Frøhvelvet på Svalbard, ikkje langt frå Longyearbyen, sett utanfrå.



Østerbø Maskin fekk oppdraget gjennom Bravida i Bergen, som dei har samarbeidd med tidlegare. Dei var igjen leigd inn av Statsbygg.



- Vi er utruleg takksame for tilliten både dei og Statsbygg viser oss ved å gje oss eit slikt oppdrag, seier Åge Østerbø.



Det same er Magne Halland, som er leiar for aggregat i Østerbø Maskin. Han kallar det også eit spesielt oppdrag.



- Det er sjølvsagt kjekt å vise at vi som ei mindre, lokal bedrift har kundar nasjonalt, og no er med og sikrar verdiar globalt, seier han.

Aggregatet sikrar reservekraft til overvakinga av hvelvet.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord