Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Østerbø Maskin skal levere reservekraft til postsmoltanlegget Tytlandsvik Aqua i Hjelmeland kommune i Ryfylke.

Leverer reservekraft til storsatsing innan havbruk

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 4. juni 2020

– Vi er stolte over å få tilliten på byggetrinn 2 ved postsmoltanlegget Tytlandsvik Aqua, fortel Magne Halland, leiar for aggregat i Østerbø Maskin, i ei pressemelding.


– Det viser at vi har gjort noko rett då vi leverte til byggetrinn 1 i 2019, legg han til. 



Avtalen inneheld og opsjon på byggetrinn 3. Alle tre byggetrinn er med leveranse og montasje av reservekraftanlegg på 2×1260 kVA.


Anlegget er plassert i Hjelmeland kommune i Ryfylke.

Jone Sedberg, teknisk leiar hos Tytlandsvik Aqua fortel at dei har fått god oppfølging frå Østerbø Maskin både i byggefase og vidare inn i drift på byggetrinn 1. 



– Dei har vore raskt på plass ved behov for oppfølging og service, det er avgjerande for eit anlegg som vårt. Alt må fungere til ei kvar tid, seier Sedberg.



Østerbø Maskin har her levert totalpakke med straumaggregat, diesel, ventilasjon, eksos, kjøling, igangkøyring og opplæring – alt klart til bruk. 



– Vi har no levert til mange store landbaserte oppdrettsanlegg og har god erfaring med kva næringa treng. avsluttar Halland.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord