Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. april 2018
Ytre Sogn 23. april 2018

Helene Skjerli (i midten) og Jetmund Høsteland (t.h.) er begge nye ved hovudkontoret til Østerbø Maskin på Høyanger sørside. Skjerlie byrja der i januar og Høsteland no i april. Her er dei to ute i verkstaden, saman med dagleg leiar Steinar Holen.

Har tilsett fire nye sidan nyttår

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 17. april 2018

– Vi har mykje å gjere for tida, ikkje minst innanfor straumaggregat. Difor har vi måtte tilsetje fleire, seier Steinar Holen, dagleg leiar for Østerbø Maskin, til Ytre Sogn.

Berre dei siste vekene har den elektromekaniske bedrifta på Høyanger sørside fått fire nye medarbeidarar – to ved hovudkontoret på Østerbø og to ved avdelinga i Sløvåg, i nabokommunen Gulen.
No har dei i alt 32 tilsette, som er fleire enn på lenge.

– Det er vel noko av det meste vi har vore, og det har med auka oppdragsmengde å gjere. Tidlegare satsa vi innanfor ei rekkje område. No har vi valt å fokusere på nokre få, blant anna straumaggregat og havbruksutstyr, som notvaskarar, og har brukt mykje tid på å komme oss inn på det. Og no ser vi resultatet av det, seier Steinar Holen, dagleg leiar hos Østerbø Maskin, til Ytre Sogn.

Spesielt har det vore ein kraftig auke når det gjeld straumaggregat, som dei både produserer og sidan reiser ut til kunden og monterer. Frå å utgjere rundt 25 prosent av omsetnaden deira, er den no på over 40 prosent, og er med det største området deira, med leveransar til både sjukeheimar, flyplassar, vasserk og anna.

– Det er spesielt det siste to-tre åra at det har teke av, påpeikar han.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord