Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

Ifølgje dagleg leiar Steinar Holen (biletet) i Østerbø Maskin reknar dei med å ta ut omlag 25 prosent av dei tilsette no i veka.

Østerbø Maskin har sendt ut permitteringsvarsel


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 16. mars 2020

Østerbø Maskin på Høyanger sørside har sendt ut permitteringsvarsel til alle 30 tilsette.

– Vi tek ut om lag 25 prosent av dei no i veka og håpar det er gjort med det. Men vi veit jo ikkje, så vi må ta det dag for dag, seier Steinar Holen, dagleg leiar for bedrifta på Østerbø, til Ytre Sogn.



Grunnen til permitteringane er fallande etterspurnad og forbodet mot kryssing av lokale grenser.

– I Sløvåg, der vi har straumaggregat-avdeling, går det med 80 prosent fart og så lenge vi kan utføre oppdrag i høve til gitte retningslinjer – og på ein trygg måte – så går det bra framover, seier han.



Holen viser til at dei har mange kunder i kritiske samfunnsfunksjonar som dei må ha beredskap for å serve, i all hovudsak retta mot drift og vedlikehald av aggregat-installasjoner blant anna på sjukeheimar og i andre offentlege bygg.


På Østerbø, der bedrifta også har hovudkontor, er den mekaniske produksjonsdelen redusert og dei ufører no lokale oppdrag. 



– Vi er veldig opptekne av å følgje alle pålegg og råd for å bidra med det vi kan i denne vanskelege tida. Det er nok mange som er verre stilt enn oss så langt, seier Holen og fortel at alle tilsette viser forståing for denne spesielle situasjonen og vil bidra med det dei kan.


Difor har også fleire tilsette heimekontor.


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord