Osland Settefisk firedoblar produksjonen


Osland Settefisk er godt i gang med produksjonen i den nye hallen, som har fått namnet Kloven.

– I samband med gjennomføringa av byggetrinn 2, der den nye produksjonshallen inngår, søkte vi Fiskeridirektoratet om
å få utvide produksjonen vår. Vi har no fått løyve til å produsere 1000 tonn smolt der vi tidlegare produserte 250 tonn, så vi kan med andre ord firedoble produksjonen. Vi har framleis kapasitet til ein enno høgare produksjon, så det kan vere at dette talet blir høgare i framtida.

Det seier noverandre driftssjef og påtroppande dagleg leiar i Osland Settefisk, Kjetil Rørtveit. Hovudkunden til Osland Settefisk er morselskapet Osland Havbruk, og det er endringane i matfiskdelen av konsernet som ligg bak satsinga på Sørebø.

– Dagens matfiskproduksjon stiller store krav til at ein har rett smolt klar til rett tid. I Oslandsystemet har vi hatt ein strategi på å produsere stor smolt på land for å korte ned produksjonstida på sjøen, og den strategien held vi på. Med behov for ein meir fleksibel produksjon av meir biomasse på land vart det eit naturleg steg å utvide kapasiteten innan settefiskproduksjonen. Satsinga vår på semilukka Ecomerder på sjø spelar også til ein viss grad inn her då dei har ei driftsform som liknar vår landbaserte oppdrett. Så kompetansen vi opparbeidar oss med vår teknologi innan settefiskproduksjon kan bli nyttig også i matfiskproduksjonen framover.

Les meir i papiravisa.