Orgel frå 1868 får nytt liv på Kyrkjebø


Rundt tre veker reknar Fokke-Rinke Feenstra og medhjelparane hans Gerrit Geerds og Siebe Reiding frå Grootegast i Nederland med å bruke på å montere det 150 år gamle orgelet i Kyrkjebø kyrkje.

– Det er mange delar som skal passe saman. Berre når det kjem til piper snakkar vi om rundt 1000. Den største er fem meter høg og den minste berre to centimeter. Så det er eit arbeid som krev at ein er både tolmodig og nøyaktig, seier orgelbyggjaren til Ytre Sogn.

Det kom i delar frå verkstaden hans i Grootegast, nord i Nederland, tysdag i førre veke, og arbeidet med å montere det starta med ein gong.

Det engelske Henry Jones-orgelet vart bygd i 1868, altså er det berre eit år eldre enn kyrkja sjølv.
– Som mange andre orgel frå England vart det bygd i Victoria-perioden, som var landet si storheitstid. Kvar einaste vesle landsby hadde si kyrkje, og kvar kyrkje hadde sitt orgel. Så industrien blomstra i denne perioden, fortel han.

Les meir i siste Ytre Sogn!