Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. februar 2018
Ytre Sogn 26. februar 2018

Det ligg an til oppstart i den nær 1.7 km lange Vadheimstunnelen mot slutten av året.

Oppstart mot slutten av 2018

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 8. februar 2018

Oppgraderinga av Vadheimstunnelen på fv 55 startar truleg opp mot slutten av året.

Den er ein av i alt ni tunnelar i Sogn som er del av oppgraderingsprosjektet til Statens vegvesen, og som no står for tur, Av dei ligg ikkje mindre enn sju på fv 55, som strekk seg frå Sognefjellet i aust til Vadheim i vest.

– Det skal bli tryggare og betre køyreforhold på Vestlandet når rundt 150 tunnelar får ny utrusting, og det blir stor aktivitet i regionen det kommande året. Tunneltryggleiksforskriftene skildrar minimumskrava for utrusting i tunnelar med lengd over 500 meter på Europa-, riks- og fylkesvegar. Oppgraderingsprosjektet tek føre seg dei tunnelane som ikkje har utrusting etter forskriftene, og målet er blant anna betre tryggleik og meir einsarta utrusting, skriv vegveseneti ei pressemelding.

Akkurat kva arbeid som skal utførast vil variere.

– Det blir laga eigne tiltaksplanar for kvar einskild tunnel, der ein tek omsyn til faktorar som alder, lengd, trafikkmengd og standard.

Det som er klart er at i Sogn er desse tunnelane med på lista for i år:

* Vadheimtunnelen på fv 55 i Høyanger kommune, utlysing andre halvdel av 2018 og truleg oppstart ved utgangen av året.

* Hovdetunnelen på fv 55 i Høyanger kommune, under arbeid, planlagd ferdig på nyåret 2019.

* Høyangertunnelen på fv 55 i Balestrand og Høyanger kommunar, ventast ferdigstilt våren 2018.

* Tussviktunnelen på fv 55 i Balestrand kommune. Arbeidet startar hausten 2018. *

* Røneidtunnelen, Ottatunnelen pg Råumtunnelen, alle på fv 55 i Luster kommune, på vegen mot Sognefjellet. Oppstart rundt påsketider

* Flenjatunnelen på E16 i Aurland kommune. Arbeidet startar våren 2018.

* Gudvangatunnelen på E16 i Aurland kommune. Arbeidet starta i august 2016 og skal vere ferdig i februar 2018.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord