Oppstart i Vadheimstunnelen i april-mai


I april–mai reknar ein med at elektroarbeidet i Vadheimstunnelen på fv 55 mellom Vadheim og Kyrkjebø kjem i gang.

– Arbeidet vil bli lyst ut om ikkje altfor lenge, kanskje allereie i neste veke, seier byggjeleiar Svein Rune Vie til Ytre Sogn.

I utgangspunktet håpa dei på utlysing før jul. Men på grunn av overføringa av fylkesvegane frå vegvesenet til fylkeskommunen frå nyttår, har det teke noko lenger tid.

– Det var ein del formelle ting som måtte på plass innan arbeidet kunne lysast ut. Men no er i alle høve vi ferdige med konkurransegrunnlaget, og har levert det frå oss, seier Vie.

Ettersom det er snakk om ein mindre jobb enn den som har vore gjort i tunnelen til no, vil ikkje anbodsprosessen bli like omfattande.

– Så i april-mai får vi tru arbeidet i Vadheimstunnelen er i gang, og at mykje er gjort i løpet av året, seier byggjeleiaren.