Oppstart først på nyåret


Først på nyåret kjem arbeidet i Hovdetunnelen på Fv 55 mellom Høyanger og Nordeide i gang.

Til liks med i Kvernhaugtunnelen, skal det tekniske anlegget i Hovdetunnelen oppgraderast.

– Vi skulle gjerne ha byrja i Hovdetunnelen med ein gong vi var ferdige med arbeidet i Kvernhaugtunnelen rett innanfor, det vil seie i september eller oktober. Men fordi vi ikkje vart ferdige med anbodsgrunnlaget før sommarferien, slik vi håpa på, kjem vi nok ikkje i gang før på nyåret, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen til Ytre Sogn.

Den 1,3 kilometer lange Hovdetunnelen på Fv 55 mellom Høyanger og Nordeide er nemleg den første kontrakten i Sogn og Fjordane der ein nyttar totalentreprise på oppgradering av tunnelar. Det vil seie at entreprenørane både skal prosjektere og utføre arbeidet.

– Tidlegare har Statens vegvesen utarbeidd plangrunnlaget, medan entreprenørane har prisa det. Det var blant anna tilfelle med Kvernhaugtunnelen, seier Hovland.

Det betyr også at det blir ein pause i arbeidet på Fv 55 mellom Høyanger og Nordeide når Kvernhaugtunnelen er ferdig utpå hausten ein gong.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!