Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

- Vi må også ta vare på dei sjukepleiarane vi har, sa Kristin Sagerøy Råsberg (Ap) då kommunestyret handsama stipend for å rekruttere nye sjukepleiarar.

Opprettar stipend for å rekruttere sjukepleiarar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 22. september 2020

Høyanger kommune opprettar no fem stipend – kvart på 150 000 kroner – for studentar som tek sjukepleiarfaget.

Det vedtok eit samrøystes kommunestyre på møtet torsdag. Studentane får stipendet mot ei bindingstid på to år etter endt utdanning, samt arbeid innan helse- og omsorgstenesta kvar tredje helg og i ferievikariat kvar sommar under utdanning. 


På møtet kom det imidlertid opp spørsmål om det var tariffstridig med omsyn til lovleg permisjon i bindingstida. Det var ikkje avklart under handsaminga, og kommunestyret opna difor for å ta ut punktet i ettertid om det viser seg å vere tilfelle.



Mange lovord


Elles var det berre lovord rundt opprettinga av stipendet, som vil koste Høyanger kommune totalt 750 000 kroner over tre år.

-Dette er eit positivt tiltak, og når alt det formelle er på plass er det viktig å få ut. Å marknadsfører det inn mot dei rette folka, det vil seie Høgskulen Vestland i Førde og Bergen, sa Eirin Borlaug (Sp).


- Det er viktig å få på plass ny arbeidskraft, men også å behalde den ein har, la ho til.



Ta vare på


Det siste kom også Kristin Sagerøy Råsberg (Ap) inn på.


– Vi må også ta vare på dei sjukepleiarane vi har. Det er til dømes mange som ønskjer å ta videreutdanning, som allereie er tilsett.


Elles trakk ho også fram helsefagarbeidarar. 


– For første gong på fleire år har vi fått nytt tilbod innanfor helsefag på Høyanger vidaregåande skule, og då må kommunen gjere sitt for å skaffe dei læreplassar. Vi må vere «på», sa ho.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord