Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

Ingunn Indrebø (f.v.), Kjellaug Brekkhus og Kristine Brix Longfellow, og ønskjer med det innbyggjarane i kommuen ein god, varm - og koronafri - sommar. 



Oppmodar folk om å ta smittevernråda med i ferien

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 26. juni 2020

– Folk har vore flinke til å ta innover seg råda dei må forhalde seg til når det gjeld koronasmitte, seier Kjellaug Brekkhus, Ingunn Indrebø og Kristine Brix Longfellow i Høyanger kommune. 
Og slik håpar dei også at det vil vere utover sommaren.

– Etter kvart som samfunnet har blitt opna gradvis meir opp, aukar også risikoen for smitte. No er også ferien i gang for mange, og fleire kan samlast i heimane rundt om. Det same gjeld arrangement. Det betyr også at ein må vere meir oppmerksom på kvar ein oppheld seg, og med kven, seierIngunn Indrebø, kommunalsjef for helse og omsorg, til Ytre Sogn.


Rådmann Kjellaug Brekkhus nikkar.


– Vi må halde fram med å følgje nasjonale råd når det gjeld smittevern, som å halde avstand, vaske hender og vere heime om ein kjenner symptom som forkjøling, hoste og feber, seier ho.


Kristine Brix Longfellow, som er kommuneoverlege og smittevernleiar, seier at dei unnar folk å reise bort på sommarferie.


- Men samstundes med at ein då gjerne omgåast fleire, må ein vere merksam når ein kjem tilbake, ved at ein kanskje skjermar seg litt. Og som det allereie er sagt må ein ta kontakt med oss om ein kjenner symptom. Det handlar om å fange eventuelle utbrot på eit tidleg stadium, ved karantene og isolasjon, seier ho og peikar på at det er det som er beste tiltaket så lenge det ikkje finst kur mot covid 19-viruset.


Meir testing

Difor aukar ein no også testkapasiteten.


- Det inneber også lågare terskel for å gjere det. Tidlegare vart gjerne personar som til dømes ikkje tilhøyrde riskogrupper bedt om å halde seg inne nokre dagar og sjå det an om ein til dømes var forkjøla eller hadde sår hals. No kan alle som har symptom kome inn og bli testa med ein gong, seier Longfellow. 


Elles understrekar både Brekkhus og Indrebø at kommune er førebudde om situasjonen brått skulle endre seg, det vil seie at det vert påvist nye smittetilfelle. 


– Det vil alltid vere nokon i organisasjonen til å handtere det om situasjonen tilseier det. Tilsette – og då helst innanfor helse- og omsorgssektoren – er også førebudde på at dei eventuelt kan bli kalla tilbake, seier dei to.


Elles er også barnevernet i beredskap, no som blant anna skulane held stengt. 
 



Skryt av folk


Samstundes nyttar dei tre høvet til å skryte av innbyggjarane i kommunen. Den står framleis oppført med tre smittetilfelle, som alle skjedde første månaden etter nedstenginga. Sidan har det ikkje vore påvist fleire.


– Vi er nøgde med at vi har greidd å halde smitten på eit så lågt nivå. Det har vi greidd saman, ved å vere flinke til å ta innover oss reglane som gjeld, seier Brekkhus.
For dei tilsette i kommunen sin del har det vore mange nye rutiner å innarbeide. Det har dei greidd på imponerande vis.


– Her fortener leiing og tilsette, på alle nivå, skryt, seier Indrebø.


Brekkhus vil også trekkje fram næringslivet, som har lagt til rette for å kunne følgje dei same retningslinjene, sjølv om det har betydd at dei har tapt pengar.


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord