Opning som det svinga av


Med festsalen i Høyanger samfunnshus fylt opp med kunst laga av ulike materiale vart vårutstillinga til dei unge og kreative elevane ved visuelle kunstfag i Høyanger kulturskule opna fredag. Delar av utstillinga har dans som tema, noko ein såg att både i måleri og figurarar laga av hønsenetting.
Det siste var ifølgje 10 år gamle Katrine Sæbø Tveit og Nellie Hage Mjånes eit ganske vanskeleg materiale å jobbe med.
– Vi har ulik tjukkleik på tråden vi jobbar med, der tråden til beina på figuren er tjukkare enn den vi brukar til kroppen. Når vi jobbar med dette må vi bruke ein tang som vi bøye og vri tråden rundt med, og til å klippe med. Det var litt vanskeleg og noko vi måtte jobbe ekstra med, men vi fekk det til. Figurane vi har laga er ei dame og ein mann som står i dansepositur, og vi er godt nøgde med resultatet, seier dei to og smiler.