Politikarane Høyanger opnar no for å utvide tomtene i det kommunale bustadfeltet Prestmarka i Lavik.
Då planutvalet tysdag var på synfaring fekk dei blant anna sjå den ferdige grunnmuren på den førebels einaste tomta som er seld til no. Bustadfeltet stod ferdig opparbeidd i 2016.Ordførar Petter Sortland (Ap) kunne fortelje at fleire har vore i kontakt med kommunen om tomter i bustadfeltet, men at det som held dei tilbake er storleiken på dei. – Hadde tomtene vore større hadde det vore meir interessant for dei å byggje, sa han. Feltet inneheld i alt 19 tomter på opptil 750 kvadratmeter. Både han og Geir Helge Østerbø (Sp) meiner at dei bør kunne aukast med i alle fall 100 kvadratmeter. Det kan ein få til med å redusere til 17 tomter. – Om feltet inneheld 17 eller 19 tomter er det same. Det viktigaste er at dei framstår attraktive, slik at fleire vil byggje, sa Østerbø.