Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. januar 2020
Ytre Sogn 22. januar 2020

– At det er behov for utbetringar enkelte stader er det ikkje tvil om, seier Jannicke Clarke (Ap), leiar i Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland, etter å ha sett på vegstrekninga Tronvik-Ulvåna på fv 55 mellom Vadheim og Kyrkjebø, saman med Arve Helle (t.v.) og Petter Sortland (t.h.). Her er dei i Frivika.

Opnar for å sjå på krav til fylkesvegstandard

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 9. januar 2020

– Vi må sjå på korleis vi kan få mest mogleg ut av dei avgrensa vegmidlane vi har, seier Jannicke Clarke (Ap), leiar i Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland, til Ytre Sogn.

Då ho besøkte Høyanger tidlegare denne veka nytta ordførar Petter Sortland (Ap) høve til å vise fylkespolitikaren frå Askøy det han meiner er kommunen si kanskje største utfordring på vegsida, nemleg Tronvik–Ulvåna på fv 55 mellom Kyrkjebø og Vadheim.

Sortland har fleire gonger uttrykt skepsis til standardkrava Statens vegvesen har for utbetring av fylkesvegar. På den tre-fire kilometer lange strekninga i kommunen hans føreslår dei nemleg å byggje tre tunnelar på mellom 50 og 100 meter, til ein prislapp på 450 millionar kroner. Han fryktar dermed at det vil ta lang tid før noko blir gjort med den.

– Vi skulle gjerne hatt tunnelar slik vegvesenet legg opp til, vi. Men då er det også utopi å tru at vegen blir utbetra med det første, seier han til Ytre Sogn.

Difor har han teke til orde for at ein her ser bort frå desse krava, og heller rettar opp fire-fem svingar, blant anna i Frivika på Klævold og i Ulvåna.

– Det er ikkje meir som skal til for å gjere vegen betre og – ikkje minst – tryggare

Jannicke Clarke (Ap), leiar i Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland, opnar for å sjå på ei slik løysing.

– Behovet for å gjere noko med fylkesvegane våre er stort, men vi har avgrensa midlar. Skal vi få dei opp på ein akseptabel standard må vi difor sjå på andre måtar å gjere det på. Alternativet er jo at det ikkje skjer noko i det heile. Så dette er politisk vilje til å diskutere, seier ho til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord