Opna SafeClean sine nye lokale på Kyrkjebø


- Denne bedrifta kunne vore kvar som helst langs kysten av Sør- eller Vestlandet, men de valde å slå rot her! sa Høyanger-ordførar Petter Sortland då han tosdag opna SafeClean sine nye lokale på Kyrkjebø.

- Eg trur det var eit lurt val. Her finn de flinke, lojale fagfolk som er vande til å ta i eit tak, og som kan industri, sa han vidare.

Etter å ha vore i Hjetland Industripark i Høyanger i alle år, er SafeClean no på plass i nye lokale, i det såkalla SIVA-bygget på Kyrkjebø. I dag, torsdag 14. november var det offisiell opning. Og Sortland er blant dei som har følgd bedrifta heilt frå starten, først som næringssjef og deretter som ordførar.

Under kan du sjå bilete frå opninga!