Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. april 2019
Ytre Sogn 26. april 2019

– Aldri har det blitt investert så mykje i driftsbygg for mjølkekyr i fylket, som i 2018. I alle fall ikkje i nyare tid, seier Jo Helge Sunde (t.h.) frå Tine. Blant dei som har valt å gjere det er (f.v.) Bjarte Myren og Norvald Årnes i Ikjefjord, som i helga inviterte til opningsfest i det nye samdriftsfjøset sitt.

Nytt samdriftsfjøs til ni millionar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 11. februar 2019

– Det blir enklare å drifte når alt er samla under eitt tak, seier Bjarte Myren og Norvald Årnes. Dei har no gått saman og bygd samdriftsfjøs i Ikjefjord, med plass til rundt 40 mjølkekyr. Laurdag inviterte dei til stor opningsfest.

Dei to bøndene på Høyanger sørside fortel at dei har drive i lag i 15 år, men då i to fjøs. Men no blir det altså under same tak, på Østerbø i Ikjefjord. Tilsaman er det investert rundt ni millionar kroenr i det nye trefjøset som har naturleg ventilasjon, gjødselslager under spalteplank, mjølkerobot og automatisk fôringsvogn. Den har kapasitet på rundt 100 dyr. No er det 90, inkludert 40 mjølkekyr, som går i lausdrift.

– Vi byrja å snakke om å investere i samdriftsfjøs for eit par år sidan, fordi vi såg at det var naudsynt å gjere noko med dei vi hadde, med tanke på krava om lausdrift som etter kvart inntrer. Og då såg vi at beste løysinga var eitt stort fjøs, i staden for to mindre, ikkje minst fordi det blir enklare å drifte, seier Bjarte Myren og Norvald Årnes

Og det var mange som hadde lyst til å sjå nærmare på den nye fjøsen på Østerbø då Myren og Årnes laurdag inviterte til opningsfest, saman med Nortura, Tine og Felleskjøpet, som alle har vore involvert i prosjektet. Mellom 60 og 70 personar møtte opp.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord