Opna dørene til «nye» Krambua


Mange tok turen innom då Krambua laurdag opna i nye lokale rett ved Fv 57 i Hyllestad, ved Løland bru.

– Det har vore ein jamn straum med folk heile dagen, i alle fall 70-80, og det er vi godt nøgde med. Folk har teke seg god tid til å gå rundt og sjå i butikken før dei handlar, og i kaféen har praten godt. Og dei har komme frå både Naustdal og Askvoll, Lavik og Hyllestad, seier Mary Anne Holmeseth til Ytre Sogn.

I tillegg til 200 kvadrameter fylt med gamle og nye gjenstandar frå Norge og Frankrike, har bruktbutikken som ho og sambuar Arne–Gunnar Lundekvam driv også fått ein ny, liten kafé for dei mange som kjem innom.

Les meir om nyopninga i siste utgåve av Ytre Sogn!