Ope møte om leksefri skule


- Det er viktig med grundige diskusjonar på førehand, og det håpar vi at dette møtet kan bidra til, seier Ingunn Kandal i Raudt Høyanger til Ytre Sogn.

Måndag 27.august arrangerer dei ope møte om leksefri skule, og har invitert Gunnar Årstein – mangeårig rektor ved Digermulen skule i Lofoten, som har vore drive utan lekser sidan 2000 – til å dele erfaringane sine på området. Skulen var også den Ingunn Kandal brukte som døme då ho på kommunestyremøtet i juni tok opp spørsmålet om eit prøveprosjekt med leksefri skule i Høyanger kommune, og det enda med at rådmann Kjellaug Brekkhus vart bedt om å setje i gong eit utgreiingsarbeid om det.

– Etter det eg har fått vite er diskusjonane allereie i gong på skular rundt om i kommunen, og det er bra. Det er også noko Årstein har understreka betydninga av. Samstundes er dette ei sak eg brenn slik for at eg tenkjer at vi treng meir informasjon frå nokon som har gjort seg erfaringar, og det er bakgrunnen for at vi arrangerer dette møtet. Dermed kan vi betre vurdere om dette er noko også Høyanger kommune bør prøve, seier Kandal til Ytre Sogn.

Møtet vert i kommunestyresalen i Høyanger rådhus, og er ope for alle.

– Eg håpar mange vil finne det interessant, både tilhengjarar og motstandarar av leksefri skule. Eg Det bør i alle fall vere aktuelt for både politikarar, skuletilsette, foreldre med fleire, seier ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!