Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

Tettare dialog med byggenæringa

Journalist: Stig Hovlandsdal Øvreås | Publisert: 17. april 2019

Høyanger kommune har som mål å leggje til rette for auka bustadbygging og rehabilitering av eksisterande bustadmasse i privat regi, og med det oppnå større breidde og betre kvalitet i det samla bustadtilbodet i kommunen. Med bakgrunn i denne målsettinga inviterte dei torsdag bustads- og eigendomsutviklarar i regionen til ope møte i Vadheim rundt bustadsituasjonen no og framover.

– Mange meiner at kommunane sjølv må ta eit fastare grep om bustadutviklinga, og at eit større samarbeid mellom offentlege og private aktørar kan skaffe bustadar til fleire. Det er viktig for ein kommune å forstå problemstillingane byggenæringa har når det kjem til å utvikle og selje prosjekt, noko som er del av bakgrunnen for dette møtet.

Det sa møteleiar og samfunns- og arealplanleggar i Norconsult Arne Kringlen. 
Han vart følgt opp av kommuneplanleggar Synne Vefring.

– Vi er enno tidleg i prosessen med den nye bustadpolitiske handlingsplanen, og har difor ei spørjande tilnærming til arbeidet. Vi ser at det kan vere vanskeleg å bygge husvære i kommunen for utleige og sal, men kvifor er det slik, og finst det tiltak vi kan setje i verk for å oppnå meir aktivitet innan bustad- og eigendomsutvikling?

Les meir om innspela som kom under møtet frå næringslivet i papirutgåva

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord