Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

> Laurdag 24. august arrangerer Amcar Høyanger «Summer Meet» 2019 der ein kan få sjå veteranbilar, motorsyklar og mykje anna. Her i frå arrangementet i fjor.

Ønskjer velkomen til blankpolert sommartreff

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 15. august 2019

Laurdag 24. august inviterer Amcar Høyanger til årets «Summer Meet» ved Valhall i Høyanger, og eit innblikk i kva som finst av bilar og motorsyklar.

-Med «Summer Meet» ønskjer vi å vise kva klubben driv med, og køyretøya til medlemmane som dei har jobba med, seier styremedlem og sekretær i Amcar Høyanger Dag Are Systad Fludal til Ytre Sogn.

Utstillinga vil bestå av ulike køyretøy som til dømes veteranbilar og motorsyklar som ifølgje Fludal ikkje treng å vere amerikanske. Alle er velkomne til å delta. Auto 8-8 forum vil også vere til stades denne dagen for å vise fram nye modellar frå Ford.

-Om det er ein traktor, lastebil eller anna motorisert køyretøy så er alle velkomne til å delta på utstillinga. For å prøve å få til eit engasjement frå dei som kjem vil vi ha ein publikumspris der ein kan stemme på det køyretøyet ein vil skal vinne pris. Bli «cruising»

I tillegg til sjølve utstillinga, stands og sal av mat og drikke, er det lagt opp til «cruising» der alle køyretøya skal vere med.

– Vi håpar mange tek turen innom denne dagen, som vil bli avslutta med fest og musikk inne på Valhall. Inntektene vi får inn vil gå til å drifte Amcar Høyanger som har fleire bygningar med både straum og vedlikehaldsutgifter, seier han.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord