OnCue Music Productions dobla omsetnaden sin


Høyanger-bedrifta OnCue Music Productions meir enn dobla omsetnaden sin i 2015.

Stig Kamonen (f.v.) og Bjarte Johansen i studioet i Høyanger samfunnshus. Stig Kamonen (f.v.) og Bjarte Johansen i studioet i Høyanger samfunnshus.

– Det vart eit eksepsjonelt bra år for oss, og det hadde blant anna med å gjere at vi hadde tre større produksjonar. Først hadde vi jubileumshelga i samband med at industristaden Høyanger var 100 år, så kom musikkbransjen i Sogn og Fjordane og Hordaland sitt årlege treff Blest, og sist - men ikkje minst - Julelutt, som NRK Sogn og Fjordane hadde i anodehallen til Hydro. Alt dette bidro til omsetnadsauke i fjor, seier Stig Kamonen og Bjarte Johansen til Ytre Sogn.

Totalt hadde bedrifta deira OnCue Music Productions ein omsetnad på nesten 3,3 millionar i 2015, mot 1,3 millionar kroner i 2014. I oppstartsåret 2013 var den på 675.000 kroner, men dette var ikkje eit fullt driftsår.

OnCue Music Productions, som held til i dei gamle lokala til Radio Smia i Høyanger samfunnshus, vart starta for tre år sidan. Før den tid hadde alle tre involverte kvar sine enkeltmannsføretak. Men i 2013 bestemte dei seg for å slå dei tre i saman, og leverer no ein totalproduksjon av lyd og lys.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!