Og namnet blir…. Synkenhytta


No er det klart. Høyanger kommune si nye dagsturhytte får namnet Synkenhytta

Det er klart etter at røystinga var avslutta ved midnatt onsdag.

– Er de overraska over at Synkenhytta fekk flest røyster?

– Nei, eigentleg ikkje. Det var mange som hadde førslått Synkenhytta som namn på hytta, Og så er det kanskje også naturleg at den får det namnet, sidan hytta er tenkt plassert ved nettopp Synken, seier Maria Brendehaug Petersen og Silje Bøe, som har leia namneprosessen for Høyanger kommune, til Ytre Sogn.

Folk hadde berre høve til å røyste ein gong, og totalt kom det inn 152 røyster. Av desse gjekk 53 til Synkenhytta. Deretter kom Fjellheim, som fekk 43 røyster.

Les meir i fredagsavisa!

Maria Brendehaug Petersen (t.h.) er nøgde med engasjementet som har vore rundt namnet på hytta. T.v. Silje Bøe.