Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. desember 2018
Ytre Sogn 19. desember 2018

Takkar for seg etter 50 år på Coop

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 6. juni 2018

Etter å ha jobba på Coop-butikken i Vadheim i 50 år meiner Oddfrid Gjermundstad (78) at det får vere nok.

– 10. juni 1968 hadde eg første dagen min på butikken i Vadheim. Eg skulle inn for ei som hadde permisjon i tre månader. Men ho kom aldri tilbake, seier Oddfrid Gjermundstad og ler.

– Eg hadde ikkje sett føre meg at eg skulle vere her så lenge.

Men karriera starta endå tidlegare. Gjermundstad var ikkje meir enn 10 år då ho første gong prøvde seg i butikk Det skjedde i Viksdalen, der ho kjem frå.

– Eg skulle eigentleg passe ungen til han som dreiv butikken, men så vart det til at eg også jobba litt der, fortel ho.

Seinare vart det nokre år hos Sigurd Sæbøe i Høyanger, før ho altså hamna på Coop – eller Vadheim Samvirkelag som det heitte den gong. Og sidan har ho vore der.

– Eg trur ikkje eg kunne hatt det betre nokon anna plass, seier 78-åringen når vi møter ho torsdag morgon, og ho vert takka av i lag med Laila Skogstad, som tok over som butikksjef i 2005. No gir også ho seg.

Sjølv tykkjer Gjermundstad at ho har fått vore med på mykje dei 50 åra ho har vore der. Ikkje mindre enn tre butikkutvidingar har det blitt.

– Butikken var langt mindre då eg byrja her, og vareutvalet eit heilt anna. No er det i hovudsak mat. Folk skal jo ha meir å velje blant i dag, seier ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord