Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. april 2018
Ytre Sogn 23. april 2018

Båthamna i Høyanger bada i vårsol heile påsken

Nytta påsken til båtpuss

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 5. april 2018

Båten Sara Sol fekk kjærleg behandling av dugnadsglade folk i påska. Nokre valte å nytte det fine vårvêret til å klargjere båtane for sesongen.

Når sola kom over Gråberget og lyste opp båt parken i Høyanger skjærtorsdag morgon, var fleire frivillige på plass for å hjelpe Torfinn «Fimmen» Fimreite med å få båten Sara Sol på land til årets vårreingjering. Nede i fjæresteinane sat Marius Mylle Eide og sonen Vincent Javier for å nyte sola, Høyangsfjorden og dei gode fridagane. Det var litt kaldt før sola tok skikkeleg tak og den tynne isen braut opp i små flak mellom alle båtane i moloen.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord