«Frå utrent til trent på 7 veker» er namnet på det nye treningstilbodet til IL Høyang si friidrettsgruppe.
Lidvar Berge (f.v.), Odd Arild Løseth og Erlend Skreien er med og tilrettelegg IL Høyang sitt nye treningstilbod. – Vi fann ut at vi ville prøve å få til nokre fleire aktivitetar. Vanlegvis startar vi opp med basistreninga etter haustferien, med økter to gonger i veka, der vi trenar styrke og kondisjon. No ville vi finne på noko anna i tida fram til då, og vart merksame på programmet «Frå utrent til trent på 7 veker», som er utarbeidd av NTNU. Det passa også med tida vi har fram til basistreninga kjem i gang att. No er det jo også framleis vêr til å vere ute, slik det nye programmet legg opp til. Basistreninga føregår inne, seier Erlend Skreien. Saman med Odd Arild Løseth, Synne Vefring, Lidvar Berge og Anne Sissel Nordeide, er han med og tilrettelegg det nye tilbodet til friidrettsgruppa.Utbytte for alle
Han fortel at dei hadde første økt måndag denne veka, og rundt 15 personar møtte opp. Då Ytre Sogn var innom onsdag var dei endå fleire. – Det virkar som om det er eit ønske om eit slikt tilbod. Oppslutnaden så langt er i alle fall bra, seier Skreien. Dei legg opp til tre økter i veka, måndag onsdag og fredag. Alle øktene er på kveldstid, og varer i rundt ein time. – Som namnet på programmet tilseier – «Frå utrent til trent på 7 veker» - må ein ikkje ha noko treningsgrunnlag for å vere med. Dette er meint å vere eit lågterskeltilbod, seier han. Samstundes vil også dei som allereie er i god form ha utbytte av det.