Nytt rekkverk langs Daleelva


I løpet av sommeren har det komme nytt, flott gjerde langs store delar av Daleelva i Høyanger sentrum

– Det har vore snakka om det ei stund, i alle fall sidan jubiléet i fjor, då Høyanger feira 100 år som industristad. Vi såg at det var naudsynt å gjere noko med, ikkje berre av estetiske omsyn, men også sikkerheitsmessige, seier Asle Værøy og Synne Vefring, som har jobba med prosjekjtet frå Høyanger kommune si side.

Tidlegare bestod gjerdet i liggjande trebord, og dermed enkelt å klatre over.

– Gjerdet var heller ikkje meir enn 70 centimeter høgt. Det var heilt andre krav den gongen det vart bygd. No er det 1,0 meter, og dermed tilpassa dagens krav til sikkerheit. Det står også oppå ein 20-30 centimeter høg murkant, som gjer det vanskelegare å ta seg over, seier Værøy, som har vore prosjektleiar.

Han fortel at kostnadene er på totalt 700.000 kroner.
– I tillegg til midlane som var sett av i kommunen sitt budsjett for inneverande år, har vi også fått tilskot frå andre. Statens vegvesen bidrog med 108.000 kroner gjennom Aksjon skuleveg, medan Høyanger bustadstifting dekka kostnadane med gjerdet forbi sjukeheimen, seier Vefring.

Vil ta resten


Tilsaman blir det 425 meter nytt gjerde frå brua nede ved Øren Hotell, oppover langs elva, og forbi dei to bruene lenger oppe i sentrum. Dei byrja på sida der butikkane held til, i og med at det er her det ferdast mest folk.

– Vi har også teke litt på andre sida, ved gamleposten og vidare opp til den vesle, grøne brua litt lenger oppe, som er det vi har midlar til no. Då har vi også teke med enkelte privathus, slik at gjerdet blir samanhengande. Vi ønskjer også å setje opp nytt gjerde nedover mot brua ved Øren Hotell på den andre sida. Men då treng vi meir midlar, seier Værøy.

–Så vi får håpe at dei som sit på midlane tykkjer at det har blitt så flott at dei løyver til resten, seier han.

Sjølv er han godt nøgd med resultatet. Det er også Vefring.

– Det virkar det også som folk i Høyanger tykkjer. Vi har i alle fall fått tilbakemeldingar på at dei har vore ivrige til å prate med dei som utfører arbeidet. Ja, det har nesten blitt for mykje av det, seier ho og ler.