Nytt idrettstilbod i Høyanger


Høyanger vidaregåande skule og IL Høyang inngår samarbeid om å tilby idrettsfag på Vg1 studiespesialiserande.

– Dette er eit svært etterlengta tilbod til idrettsungdomen i Høyanger seier leiar i IL Høyang Reidar Grønli til Ytre Sogn.

–Mange av dei har store ambisjonar innan sin idrett. Føresetnaden for å kunne realisere dei er å leggje til rette for større treningsmengder og auke kvaliteten i treningane. No gjer samarbeidet mellom Høyanger vidaregåande skule og IL Høyang det mogleg å gjere det, seier han og viser til at IL Høyang tidlegare har utvikla idrettsutøvarar som har hevda seg i toppen av norsk idrett.

– Vi håper fleire i Høyanger kan utløyse sitt potensiale og nå toppen i norsk idrett, seier Grønli.

Han og rektor ved Høyanger vidaregåande skule, Torill Thorbjørnsen, opplyser at tilbodet startar som eit prøveprosjekt.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!