Nyrstar tok elevane med på råd


– Om vi kjem opp med ei bra løysing kan det vere at Nyrstar vel å bruke den. Det hadde jo vore kult! seier Fabian Ullebø Bjordal, Henning Klævold Heggenes, Eirik Sjøthun Måren og Sigve Øyum til Ytre Sogn.

Denne veka var eit 30-tals elevar frå Høyanger vidaregåande skule samla til innvoasjonscamp for å prøve komme opp med gode løysingar til korleis Nyrstar Høyanger råd kunne forenkle ein i dag tungvint arbeidsprosess.

– Vi ser heile tida på korleis vi kan betre prosessane våre, og her får elevane høve til å komme med sine forslag. Det kan absolutt vere at vi bruke heile - eller delar av - forslaga deira, seier May Britt Torsnes,, bedrifta sin HR-leiar, som tok imot elevane.

Med på campen var også Eivind Husabø frå Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane. Det var han som utfordra skulen til å få til ein slik camp i lag med ei bedrift i Høyanger, rundt temaet berekraft.

– Det som vil møte elevane når det etter kvart skal ut i arbeidslivet er ikkje berre forventningar, men også krav, om å vere med og utvikle bedrifta. Dei må tenke kreativt og vere endringsvillige, og det får dei trene på her. Dei skal finne nye løysingar på gamle problem, seier han. Les meir om innovasjonscampen i siste Ytre Sogn!

Fabian Ullebø Bjordal, Henning Klævold Heggenes, Eirik Sjøthun Måren og Sigve Øyum jobbar med forslaget sitt.

– Vi ser heile tida på korleis vi kan betre prosessane våre, seier May Britt Torsnes (t.v.) hos Nyrstar, her i samtale med Eivind Husabø (t.h.) frå Ungt Entrepremørskap.