Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

- Vi har tru på at i alle fall 10-12 Nyrstar-tilsette vel å nytte seg av jobbmoglegheiten dei no får på Hydro Husnes, seier Lars Kjetil Skeie (t.v.) og Jonny Manseth, høvesvis hovudtillitsvald og personalsjef hos Hydro Høyanger.

Nyrstar-tilsette får tilbod om mellombelse jobbar hos Hydro Husnes


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 29. oktober 2020

– På denne måten kjøper vi oss meir tid når det gjeld å få i gang ny aktivitet i fabrikklokala til Nyrstar i Høyanger, seier hovudtillitsvald Lars Kjetil Skeie og personalsjef Jonny Manseth hos Hydro Høyanger til Ytre Sogn.

Det er dei to – saman med Ørjan Normann og Eivind Torvik, som har tilsvarande jobbar på Hydro sitt aluminiumsverk på Husnes – som har jobba fram denne avtalen. 



Onsdag kveld vart den presentert for eit 20-tals Nyrstar-tilsette på eit informasjonsmøte i kantina på Høyanger vidaregåande skule. 



– Det er snakk om eit halvårig prosjekt i omforinga på verket der nede, fram til mai neste år. Til dette treng Hydro Husnes no fleire folk, med industrikompetanse. Og det har jo vi på Nyrstar i Høyanger. Dette er såleis ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, ved at vi får dei tilbake til Høyanger etterpå – forhåpentligvis til ny aktivitet på fabrikken, seier Skeie.



Liknande historie

Dei viser til at aluminiumsverket på Husnes har ei liknande historie, der eine hallen vart nedstengt i 2008. Sidan tok det ti år før den kom i gang iogjen. 


– Det gav også utfordringar då ein skulle starte opp igjen, og skulle ha inn folk med rette kompetansen. Mange hadde jo funne seg andre jobbar i mellomtida. Så dei forstod godt situasjonen vi no står ovanfor, sier han


– Vi har tru på at i alle fall 10-12 Nyrstar-tilsette vel å seie ja til å jobbe der nede, seier Manseth.



Avtalen med verket på Husnes gjekk i orden måndag denne veka, men detaljane i den blir enno jobba med.

-Det går blant anna på skiftordningar som gjer det mogleg å reise heim i helger, setje opp brakkerigger som dei kan bu i og få til felles transport til og frå Husnes, seier dei to til Ytre Sogn.

Rosar Hydro

– Eg må få rose Hydro Høyanger for å tenkje utanfor eigne portar, ved å ta eit slikt initiativ, seier fabrikksjef Tommy Ølmheim ved Nyrstar i ein kommentar til Ytre Sogn.

Samstundes vert det jobba med ulike alternativ når det gjeld vidare aktivitet ved fabrikken i Høyanger, utan at han kan seie noko meir enn det.

– Men det er jo opplagt at dette gir oss noko meir tid, og at tilsette dermed ikkje går rett ut i arbeidsløyse.


Les meir i eAvisa i ettermiddag eller papirutgåva i morgon fredag!

Eit 20-tals Nyrstar-tilsette var til satses på møtet i kantina på Høyanger vidaregåande skule onsdag kveld
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord