Nydeleg adventskonsert


Koret Høyang Vocalis inviterte til konsert for første gong på fleire år, og det hadde folk tydelegvis venta på.

Publikum strøymde til, og fekk med seg ein nydeleg adventskonsert inn i den stjerneklare november-kvelden.

Høyang Vocalis hadde hatt eit par års pause før dei samla troppane att våren 2015. Søndag inviterte dei for første gong på fleire år til konsert, med innbedne gjestar, noko som var svært populært.

Festsalen i Høyanger samfunnshus vart for liten, og galleriet måtte takast i bruk. Publikum fekk høyre eit rikhaldig program, med eit svært opplagt vertsskap i spissen.

– Vi har vore aktive og opptredd fleire gonger, men berre som gjestar hos andre arrangørar. Difor er vi glade for å kunne invitere til konsert i dag, og er overvelda over å sjå kor mange som er komne for å høyre på, seier leiar i Høyang Vocalis, Anne Britt Skjerven til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!