Nybygget til Lavik Fjord Hotel er i ferd med å reise seg


- Det skjer endringar omtrent kvar dag, seier Laurens Brock om nybygget som er i ferd med å reise seg ved hotellet han og kona eig og driv i Lavik. 



Dei kjøpte nabotomta til Lavik Fjord Hotel tilbake i 2017, og etter kvart bestemte dei seg for å setje opp eit to etasjers nybygg med i alt tre leilegheiter som dei kan leige ut til gjester. 


I 1.etasje kjem det to leilegheiter, begge med plass til fire personar, og i 2.etasje éin leilegheit i 2.etasje med plass til fem personar. 


- I mai starta riving av verkstadbygget som då stod på tomta, og i juni var opparbeidinga av tomta i gang, med støping av ringmur. Og no er ramma til sjølve bygget på plass, medan takstoølane kjem denne veka. Så det har gått unna, konstaterer ein nøgd Laurens Brock.


Planen er at det skal vere ferdig til 1.mars neste år, slik at det kan takast i bruk når ein ny turistsesong byrjar. Då vil dei også endre namn til Lavik Fjord Hotel & Apartements.

- Utover hausten og vinteren vil det bli jobba innvendig. Så det blir spennande å følgje utover, seier han om det som er største enkeltinvesteringa ved hotellet til no.


Totalt vil nybygget koste 4,9 millionar kroner.

Les meir i neste Ytre Sogn!