Ny storsiger til damelaget


IL Høyang sitt 3. divisjonslag held fram med å imponere. Tornado Måløy yppa seg i starten, men så kom maskineriet til heimelaget i gang, og jentene stoppa ikkje før sigeren var så stor som 5-1.

Høyang stilte med eit redusert mannskap til denne kampen. Linn Fjæren, Alette Haugland Norevik, Agnete Ørnehaug og Ulrikke Svedal Hellem kunne av ulike årsaker ikkje stille, men trenar Thomas Frichsen var flink til fokusere på dei spelarane han hadde tilgjengelig.

Ida Katrine Pedersen Nesse har skåra 1-0 målet og blir gratulert av Siri Brendberg Nesheim

Sjå biletserie her og les meir i papirutgåva