Ny rektor ved Lavik skule


Hildegunn Hatlem overtok som rektor ved Lavik skule 1. juni. Ho kjem frå tilsvarande stilling ved Hyllestad skule. No gler ho seg til å kome tettare på elevane, for med rektorstillinga høyrer det også med 20 prosent som lærar.

–Vi er her for elevane sin del. Eg er oppteken av å fremje eit godt samarbeid til det beste for elevane. Det er det aller viktigaste ved jobben, seier Hildegunn Hatlem til Ytre Sogn.

Hildegunn Hatlem (i midten) saman med nokre av elevane ved skule. F.v.: Hanna Jeanette Bjørkhaug, Marcus S. Wangensteen, Martha Jean K. Jonson og Lars Strandos.

Les meir i Ytre Sogn