Ny rådmann med klare meiningar


Kjellaug Brekkhus blir om ikkje lenge ny rådmann i Høyanger kommune. Ho kjem til aluminiumsbygda med stor kunnskapsbreidde etter eit langt liv som samfunnsutviklar.

–Driven kjem frå ei genuin interesse for samfunn og utvikling, seier Kjellaug Brekkhus.

– Arbeidet og verva mine har vore så interessante at eg ikkje har sett på det som noko arbeid. I ettertid kan eg sjå tilbake og sei;  «Hjelp, var det mogleg å handtere alle dei tinga?»
Kjellaug kjem frå Voss, der ho budde i meir enn 30 år. Ho vaks opp på Eidslandet i Vaksdal kommune, men der har ho ikkje vore attende sida ho var 16 år.

Les meir i Ytre Sogn tysdag