Ny pris til Hydro Høyanger


Onsdag kveld stakk Hydro Høyanger av med nok ein pris under Hydro Summit, som er den årlege leiarsamlinga til Hydro, på Gardermoen.

Hydro Høyanger fekk President’s Award i kategorien Helse, miljø og sikkerheit (HMS), og fungerende fabrikksjef Ann Synnøve Øygård, einingsleiar HMS Roy-Arve Ørnehaug, samt tidlegare fabrikksjef Stian Tangen tok i mot prisen av konsernsjef Hilde Merete Aasheim.

Tysdag mottok dei HMS-prisen for forretningsområdet Primærmetall. Dagen etter mottok dei altså tilsvarande pris for heile Hydro. Hydro Høyanger tok med andre ord storeslem med to prisar på to dagar innanfor den viktige kategorien HMS.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det at «Høyanger har vist konsistente HMS-resultat i fleire år, inkludert eit 2018 utan fråværsskader», «Høyanger har sterkt fokus på å handtere dei 10 største HMS-risikoane, med deltaking frå alle tilsette» og «Helse- og miljøforbetringsaktivitetar er på plass, noko som gir ei totaltilnærming til HMS».