Ny møteplass i Høyanger


– Dette skal vere ein stad der asylantar, flyktningar og Høyanger-befolkninga kan møtast og ha det kjekt i lag, seier dagleg leiar ved Høyanger Frivilligsentral Tonje Bjørkum Strandos.

Onsdag var det opning av den nye møteplassen på Dale i Høyanger.

Den held til i andre etasje i frivillegsentralen nedst på Dale, og er eit samarbeid mellom dei og Høyanger statlig mottak.

– Vi ønskjer at dette skal vere ein møteplass og eit fritidstilbod for alle – flyktningar, asylantar og Høyanger si befolkning generelt. Her kan dei treffast og finne på noko kreativt saman, eller ha ein god prat over ein kopp kaffi, seier Tonje Bjørkum Strandos, som er dagleg leiar ved Høyanger Frivilligsentral, til Ytre Sogn.

– Dette vil vi prøve å få til ein gong i veka, seier ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!