Ny medalje til André Heggø (17)


Andrè Heggø (17) frå Høyanger tok i dag ein ny medalje i sykkel-NM for juniorar.

Han sykla inn til 3.plass og bronse i individuell tempo.

Tidlegare denne veka tok han gull i lagtempo, saman med lagkameratane Andreas Leknessund (18) og Søren Wærenskjold (17) frå Ringerike SK.

Det var også dei tre som inntok pallen i dagens ritt. Leknessund tok gull, Wærenskjold sølv (+0.55) - og Heggø altså bronse (+1.02).